<?xml version="1.0" encoding="UTF-8"?><song><presentation>v1 v2 v3 v4 v5 </presentation>
<title>Du får koma til Jesus</title>
<lyrics>[V1]
 Du får koma til Jesus
 med det som er tungt,
 med di synd og di sorg
 og di sut.
 Du skal vita for visst,
 om du kjem som du er,
 skal Han slett ikkje
 støyta deg ut.

[V2]
 Du får koma til Jesus
 i motgang og tvil,
 og når nedbøygd i
 mismot du går.
 Han vil kveikja din hug,
 Han vil tendra ein smil,
 og for vinter deg
 gjeva ein vår.

[V3]
 Du får koma til Jesus
 når gale det gjeng,
 du får koma for
 tusande gong.
 Han vil reisa deg opp,
 Han vil gle deg igjen.
 Han vil fylla ditt
 hjarta med song.

[V4]
 Du får koma til Jesus
 i ungdomens tid,
 i din manndom og
 når det vert kveld.
 Du får koma til Jesus
 når sola gjeng ned,
 og dei nattsvarte
 skuggane fell.

[V5]
 Du får koma til Jesus
 i Faderens hus,
 der Hans herlegdom
 du skal få sjå.
 Du skal vera hos Jesus
 til æveleg tid;
 sei kva meir kan du
 ynskja deg då?</lyrics>
</song>